onsdag 13. april 2011

Filmar, middag med Hanna og trening

Det har vorte mykje filmsjåing den siste tida og i går såg eg film saman med nokre vener på UiA fyrst før eg drog til Sarah og såg filmen "Miss Undercover" saman med ho og Hanna, som kom direkte heimafrå. Eg hadde òg med meg nokre bollar som me gladeleg åt.

Hanna bei med meg heim frå skulen i dag og eg laga kvitlauksmarinert laks med fullkornspasta og grønsaker.

Hanna og middagen:

Då var me endeleg klåre for treninga; me sykla til "Spicheren", klatra i litt over ein time (eg kom utruleg nok heilt opp til toppen i den høge veggen med litt overheng tre gonger - eg er imponert over meg sjølv og kor sterk eg har vorte i armane sjølv om me ikkje har klatra på nokre månader). Deretter hoppa vi i bassenget (eg sumde 1000 meter, men merka at symjekondisen ikkje er heilt god) med ein tur i boblebadet etterpå.

5 kommentarer:

  1. For en herlig dag. :) Koselig at Hanna var med deg hjem. Glati! :)

    SvarSlett
  2. Koselig altså :-)
    Høres fortsatt ut som du koser deg. Ønsker deg en strålende natt.
    Stooooooooooooor klæmma

    SvarSlett
  3. Eg likar at du skriv på nynorsk^^ Du må ha ein kjempefin påske, på Ellingsrud, i Sverige, i Hamar og der du elles måtte vera. No er det ikkje mange obligatoriske skuledagar igjen. Me talast!! Påskeklem

    SvarSlett
  4. Eg må jo det når du er med i hendinga - haha ;) Men det er litt morosamt òg å skrive nynorsk att etter så lang tid vekke frå vidaregåande.

    SvarSlett